Historier |
| Nils og Anna Kaldestad NILS KJØPER GARD OG GIFTER SEG
Nils har bestemt seg for å gifta sig. Jenta heiter Martha Viersdatter. Ho er fødd 1837 og kjem frå Indre Matre (i Skånevik).
Skal ein forsørja ein familie kan det vera bra å ha eigen gard. Det vert derfor til at Nils 1870 tar over skøytet på garden på Musland som broren Johanneshar eigd ei stund. Same året melder Nils flytt frå Sande i Etne til Musland i Kvinnherad. Den 23 november 1871 gifter han seg med Martha. I begynnelsen av 1872 melder Martha flytt frå Indre Matre til Musland.
NILS BLIR FAR OG ENKEMAN OG MORA GJERTRUD DØR
Året 1972 går ein stygg skarlagensfeber over bygdene. Mange dør av sjukdommen, både unge og gamle. På Musland blir både Gjertrud og Martha sjuke. Den 2. november 1872 dør Gjertrud, 62 år gammal. Hon får derfor ikkje sjå det første barnebarnet sitt Martinus, som blir fødd den 15. november. Samme dagen dør mor hans Martha av skarlagensfeber. Martha vart 35 år. Nils er 27 år og står aleine att med ein nyfödd son.
I 1874 gifter Nils seg med søskenbarnet sitt Anna Johnsdotter frå Kaldestad på Husnes. Johanna Haktorsdotter, kona til bror til Nils er är fadder når Nils og Anna 1875 døyper første barnet sitt Tobias Johan. Fadrar er og to av Anna sine søsken Morten Johnsen Kaldestad og Kari Johnsdotter Kaldestad. Mor deira Anna Nielsdotter er søster til far til Nils. Ho er gift på Kaldestad med gardbrukaren John Johnsen.
I 1877 får Nils og Anna sonen John. Han dør i oktober året etter.
Nils og Anna får dottera Nilsina Johanna den 22. februar 1879. Ho vert døypt heime samme dag av Anders Torgersen Musland.
NILS OG ANNA FLYTTAR FRÅ MUSLAND
Nils og Anna har bestemt seg for å flytta til Kaldestad. I 1880 kjøper Nils ein del av garden til svigerfar sin John Johnsen. Det er den delen som kallast Teigen eller i daglegtale «Jonseteigen» (Gnr. 147, Bnr 5). Dottera Gjertrud Alida vert fødd på Kaldestad 14. oktober 1881. Sonen Sæbjørn vert fødd 1886 og Jon kjem 1888.
Bror til Anna, Morten Johnsen, overtar 1881 hovudbruket på Kaldestad etter far sin (Gnr. 147, Bnr 4).
NILS SEL GARDEN PÅ MUSLAND
Først i 1885 sel Nils garden sin på Musland til søskenbarnet sitt på morsida Johannes Paulsen Elvekroken for en kjøpesum av 2000 kroner.
SKARLAGENSFEBER TAR BARNA
Den 25. september 1889 dør to av barna til Nils og Anna, Tobias Johan på 14 år og Sæbjørn på 3 år, begge av skarlagensfeber. Den 7. oktober dør så Gjertrud Alida på 8 år og den 8. oktober dør minstebarnet Jon på 1 år av samme sjukdommen.
Av Nils og Anna sine seks barn er det berre Nilsina Johanna som skal leva til vaksen alder. Ho kjem til å gifta seg med Øystein Bertelsson Solhaug frå Stord, men dei får inga barn.
Martin utvandrar til Amerika 1891, 19 år gammal.
I 1896 kjøper Nils hovudbruket på Kaldestad då dette kjem på auktion i dødsbuet etter søskenbarnet hans Morten Johnsen.
Nils fortset å livnæra sig som gardbrukar og skomakar på Kaldestad. |